[kkf] Støre, Brox

Hans Olav Brendberg Hans.Olav.Brendberg at froya.kommune.no
Wed Jan 21 08:39:21 CET 2009


Karsten skreiv:


At Gahr Støre er mer fornuftig enn som så når han

får snakke noenlunde fritt, sjøl om også

han (offisielt iallfall) er nødt til å legge

obligat sionistisk sordin på, betyr intet for folk som Valen,

eller, til min forbauselse, Ottar Brox, i hans

uvanlig kunnskaps- og historieløse innlegg i KK i går under den
misvisende rubrikken "homo politicus".


Svar:

Er heilt samd med Karsten i at Gahr Støre i denne saka går lenger i rett retning
enn det ein skulle tru var mogleg. Ein norsk utanriksminister er jo i utgangspunktet
ein bandhund, tjora i lenke til ein påle. Vanlegvis er det nok å vita lengda på lenka,
så veit du kor langt han vil gå. Men Gahr Støre har fleire gongar overraska positivt.
Om det hadde vore fleire utanrikspolitikarar av Gahr Støres format i den vestlege
verda, trur eg faktisk totstatsløysinga framleis kunne vore mogleg å berga frå politisk
daude. Men Støre er sørgjeleg åleine, og dei som trur tostatsløysinga er den einaste moglege,
vil snart stå i same situasjon som Jesus utanfor Lasarus grav. Så spørs det om dei
kjem like godt frå det som Jesus.

Eg brukar alltid å lesa Brox med interesse, også når han går laus på venstresidas heilage
kyr. Gårsdagens kommentar var vel noko av det meir tøvete eg har lese frå hans hand.
Samtidig legg eg merke til at han referer til trollmannen Amos Oz som ein av dei "moderate"
han trur representerer eit alternativ til fortsatt konflikt. Og eg trur det er viktig å ikkje
undervurdera det truverdet som folk som Amos Oz, David Grossmann m.fl. framleis har
i delar av vestleg opinion. Ein burde ein eller annan gong gjort jobben med å kle av desse
apartheid-apologetane, som bidreg mykje til å halda oppe eit falskt konfliktbilete i verda
utanfor Palestina. I Palestina er dei jo - som også Brox har lagt merke til - marginalisert.
Det han ikkje ser, er at dei er marginalisert av si eiga prinsippløyse.
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.copyleft.no/pipermail/kkf/attachments/20090121/a48155cc/attachment.html 


More information about the kkf mailing list