[Tr.h.] Fedsfestival laurdag 8/12

P}l Hellesnes palhel at stud.ntnu.no
Wed Dec 5 13:51:52 CET 2001


Som eit ledd i arbeidet mot krigen i Afghanistan skipar
Antikrigsnettverket i Trondheim til FREDSFESTIVAL førstkomande laurdag.
Festivalen vil innehalda både kulturinnslag og seminarer/debattar, og vi
voner at dette kan verta ei positiv markering for fred, mot krig. Alt
saman vil foregå på kultursenteret ISAK.

Smakebiter frå programmet:
Håkon Gullvåg har stilt med kunst til plakaten.
Fredrik Skagen held fredsappell
Bare Are er morosam mot krig
Jacob Margido Esp les antikrigsdikt
Tale Næss les eigne dikt
PhY spelar

Frå 13.00 til 18.00 vert det seminarer og debattar om m.a. USAs spel i
Afghanistan, Islam, og terrorisme.
Klokka 19.00 er det konsert med bl.a. PhY, Dimitri Project, Panter Tanter,
G.O.D.S, Fremsel, Bare Are m.m.

I tillegg vert det servert Tamilsk mat, det vert utstilling frå
Afghanistan, Teater Fusentast stillar med titteskap, og mykje meir!

Dette vert haustens store happening mot krig i Trondheim!


For meir informasjon:
Pål Hellesnes - 73 50 97 05 / 957 84 048
Hege Bae Nyholt - 41 44 71 61





More information about the Trondheim mailing list