[Tr.h.] Cafe NordSør

Per I. Mathisen Per.Inge.Mathisen at idi.ntnu.no
Tue Feb 6 12:52:47 CET 2001


---------- Forwarded message ----------
Velkommen til Cafe Nordsør, torsdag 8. februar 2001, klokka 19.00 på
Selskapssiden i Studentersamfundet!

Norske oljevirksomheit og menneskerettar i Angola

Statoil og Norsk Hydro vil dei komande 5-10 åra investera for 30-35
milliardar kroner i Angola. Samstundes sponsar dei norske oljeselskapa
barneheimar og minerydding i det borgarkrigs- og korrupsjonsherja landet.
Slik bistand lønner seg. Men norsk næringsliv sitt engasjement i
utviklingsland som i Angola fører med seg eit dilemma i forhold til
menneskerettane. Mykje av dei angolanske oljeinntektene kjem ikkje
lokalbefolkninga til gode, men forsvinn i korrupsjon og i borgarkrigen
mellom regjeringasstyrkane MPLA og opprørsbeveglsen UNITA. Sentrale
problemstillingar i debatten vert difor:

* Korleis kan dei norske oljeselskapa leggja press på angolanske
styresmakter for å sikra openheit og debatt kring korrupsjon,
investeringsplanar, kompetanseoppbygging og sikkerheit?
* Korleis sikrar Statoil at utviklingsprosjekta sine vert utarbeidd med
eit heilskapleg og langsiktig perspektiv?
* Kan Statoil leggja press på angolanske styresmakter for å få dei til å
halda menneskerettar i hevd? Bør eventuelt Statoil gå saman med andre
norske og utanlandske oljeselskap om ei slik oppgåve?

Innleiarar:
Geir Westgaard, direktør i Statoil
Nina Birkeland, stipendiat ved NTNU
Torleif Haugland, økonom og forskar ved ECON
Tor Monsen, ILO og Fellesrådet for Afrika

Gratis inngang. Servering. Møtet er på norsk.

Meir informasjon om Cafe Nordsør finn du på:
www.ntnu.no/cafenordsor

Beste helsing
Noralv Pedersen
Cafe Nordsør

Cafe Nordsør er eit forum for heilskapleg og tverrfagleg utviklingsdebatt
arrangert av studentar og stipendiatar ved NTNU.





More information about the Trondheim mailing list