[Tr.h.] aksjon i forb. med Johannesburg-toppmøtet

Lars Gaupset tove.gaupseth at c2i.net
Wed Aug 21 21:15:37 CEST 2002


Sterke, multinasjonale selskap vil gjere alt dei kan for å sabotere forpliktande avtalar under Johannesburg-toppmøtet, og trugar med å gjere heile møtet til ein flopp, slik at dei kan fortsetje sin rasering av kloden og utbytting av dei fattigaste. Sentrale miljøprinsipp står på spel, til dømes prinsippet om felles ansvar og føre-var-prinsippet.

I den samanheng inviterer Dei Grøne og ATTAC til ein AKSJON den 31. august som ein del av dei globale protestane mot multinasjonale selskap. Planleggingsmøte vil finne stad på Dei Grønes kontor i Dronningens gt. 33 på TORSDAG 22. august klokka 19.00, alle interesserte/nysjerrige er velkomne!
Eit av forslaga er ein aksjon mot IKEA, som opner sitt nye kjøpesenter om kort tid.

Lars Gaupset, talsperson for Grøn Ungdom i Trondheim
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.copyleft.no/pipermail/trondheim/attachments/20020821/d4ac66be/attachment.html


More information about the Trondheim mailing list