<!DOCTYPE HTML PUBLIC "-//W3C//DTD W3 HTML//EN">
<HTML>
<HEAD>
<META content=text/html;charset=iso-8859-1 http-equiv=Content-Type>
<META content='"MSHTML 4.72.3110.7"' name=GENERATOR>
</HEAD>
<BODY bgColor=#ffffff>
<DIV><FONT size=2>Dette er ein appell til alle organisasjonar og enkeltpersonar
på lista om å arrangere ein felles punktdemonstrasjon mot den
komande krigen i Irak, i regi av Antikrigsnettverket. Trugsmåla frå
Washington vert berre meir og meir aggressiv, og vår eigen
forsvarsminister Krohn Devohl utelukkar ikkje at Noreg kan bli ein deltakar i
USA sin krig.</FONT></DIV>
<DIV><FONT size=2></FONT> </DIV>
<DIV><FONT size=2>Det er like viktig å mobilisere motstand mot ein krig i
Irak som i Afghanistan, og fellestrekka er mange. I begge fall dreier det seg om
eit utpint og undertrykt folk, men i mykje større grad enn Afghanistan
har Irak vorte råka av økonomiske sanksjonar sida 1991. Som de
sikkert veit har minst 500.000 tusen barn mista livet som følgje av
mangel på mat og medisinar, og barnedødleiken skot i veret etter at
sanksjonane vart innførde.</FONT></DIV>
<DIV> </DIV>
<DIV><FONT color=#000000 size=2>Irak har òg vorte utsett for gjentekne
bombetoktar i løpet av nittitalet, og sida 1998 har amerikanske og
britiske fly bomba mål i Irak fast. I alt har 400 menneske mista livet av
bombingar sida 98, mange av dei er barn.</FONT></DIV>
<DIV><FONT color=#000000 size=2></FONT> </DIV>
<DIV><FONT color=#000000 size=2>Eg foreslår at Antkrigsnettverket kjem
saman om kort tid for å diskutere ein punktdemo på Torget/Nordre om
ikkje så altfor lenge, til dømes slutten av oktober,
månedsskiftet okt./nov. FN-dagen er òg eit godt høve
til å halde ein fredsdemo. <FONT color=#000000>Vi kan anten halde eit
fakkeltog etter førre modell på kvelden, eller ei markering om
dagen på Nordre. Appellantar er ikkje noko problem, vi kan prøve
å få med FN-sambandet og Amnesty. Fleire politiske
ungdomsorganisasjonar har dessutan uttalt seg kritisk til ein Irak-krig, til
dømes AUF og KrfU.</FONT></FONT></DIV>
<DIV><FONT color=#000000 size=2><FONT color=#000000></FONT></FONT> </DIV>
<DIV><FONT size=2>Eg foreslår desse parolane:</FONT></DIV>
<DIV><FONT size=2></FONT> </DIV>
<DIV><FONT size=2>STOPP KRIGEN MOT IRAK!</FONT></DIV>
<DIV><FONT size=2>INGEN NORSK KRIGSDELTAKING!</FONT></DIV>
<DIV><FONT size=2>OPPHEV ALLE SIVILE SANKSJONAR MOT IRAK!</FONT></DIV>
<DIV><FONT size=2>FN-INSPEKTØRAR INN I IRAK!</FONT></DIV>
<DIV><FONT color=#000000 size=2></FONT> </DIV>
<DIV><FONT color=#000000 size=2>Kva tykkjer de? Som sagt, ei konkret oppfordring
til eit møte i Antikrigsnettverkett om mange nok er med på
idéen. Sjøl har eg diverre ikkje tid til å jobbe
aktivt med ein demonstrasjon grunna arbeid med Operasjon Dagsverk, men eg har
veldig lyst til å halde ein appell om saka.</FONT></DIV>
<DIV><FONT color=#000000 size=2></FONT> </DIV>
<DIV><FONT color=#000000 size=2>Vonar at interesserte kan melde seg på her
på lista, slik at vi kan få avtalt eit møte.</FONT></DIV>
<DIV><FONT color=#000000 size=2></FONT> </DIV>
<DIV><FONT color=#000000 size=2>Lars Gaupset, talsmann for Grøn
Ungdom</FONT></DIV>
<DIV><FONT color=#000000 size=2>mobil: 97 63 05
23
</FONT></DIV></BODY></HTML>