[Tr.h.] Antikrigsdemo mot bombing av Irak?

Lars Gaupset tove.gaupseth at c2i.net
Sun Sep 29 14:52:30 CEST 2002


Dette er ein appell til alle organisasjonar og enkeltpersonar på lista om å arrangere ein felles punktdemonstrasjon mot den komande krigen i Irak, i regi av Antikrigsnettverket. Trugsmåla frå Washington vert berre meir og meir aggressiv, og vår eigen forsvarsminister Krohn Devohl utelukkar ikkje at Noreg kan bli ein deltakar i USA sin krig.

Det er like viktig å mobilisere motstand mot ein krig i Irak som i Afghanistan, og fellestrekka er mange. I begge fall dreier det seg om eit utpint og undertrykt folk, men i mykje større grad enn Afghanistan har Irak vorte råka av økonomiske sanksjonar sida 1991. Som de sikkert veit har minst 500.000 tusen barn mista livet som følgje av mangel på mat og medisinar, og barnedødleiken skot i veret etter at sanksjonane vart innførde.

Irak har òg vorte utsett for gjentekne bombetoktar i løpet av nittitalet, og sida 1998 har amerikanske og britiske fly bomba mål i Irak fast. I alt har 400 menneske mista livet av bombingar sida 98, mange av dei er barn.

Eg foreslår at Antkrigsnettverket kjem saman om kort tid for å diskutere ein punktdemo på Torget/Nordre om ikkje så altfor lenge, til dømes slutten av oktober, månedsskiftet okt./nov. FN-dagen  er òg eit godt høve til å halde ein fredsdemo. Vi kan anten halde eit fakkeltog etter førre modell på kvelden, eller ei markering om dagen på Nordre. Appellantar er ikkje noko problem, vi kan prøve å få med FN-sambandet og Amnesty. Fleire politiske ungdomsorganisasjonar har dessutan uttalt seg kritisk til ein Irak-krig, til dømes AUF og KrfU.

Eg foreslår desse parolane:

STOPP KRIGEN MOT IRAK!
INGEN NORSK KRIGSDELTAKING!
OPPHEV ALLE SIVILE SANKSJONAR MOT IRAK!
FN-INSPEKTØRAR INN I IRAK!

Kva tykkjer de? Som sagt, ei konkret oppfordring til eit møte i Antikrigsnettverkett om mange nok er med på idéen.  Sjøl har eg diverre ikkje tid til å jobbe aktivt med ein demonstrasjon grunna arbeid med Operasjon Dagsverk, men eg har veldig lyst til å halde ein appell om saka.

Vonar at interesserte kan melde seg på her på lista, slik at vi kan få avtalt eit møte.

Lars Gaupset, talsmann for Grøn Ungdom
mobil: 97 63 05 23                                                           
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.copyleft.no/pipermail/trondheim/attachments/20020929/77192393/attachment.html


More information about the Trondheim mailing list