[Tr.h.] Internasjonal dag for antikrigspoesi
Marius Hjelle
Marius.Hjelle at oppdal.vgs.no
Tue Feb 11 13:42:35 CET 2003
POETER FOR FRED
"Er det nokon vits?", kan ein spørre seg, og mange vil nok mumle "naive
poetar" stilt for seg sjølv når dei høyrer om dette. Kva kan
diktopplesingar gjere for å stoppe krigen?
A Day of Poetry Against the War
Olav H. Hauge-festivalen i september tok opp temaet "den engasjerte poet"
og poetanes synlighet i det offentlige rom i forbindelse med dei krigane
og krigsforberedelsene vi no ser rundt oss. Det var sørgeleg lite av det,
konkluderte dei. Ikkje no lenger.
Den 12.februar skulle det etter planen ha føregått ei feiring av
amerikansk litteratur i regi av den amerikanske presidentfrua Laura Bush.
dessverre for fru Bush såg ein av dei inviterte poetane, Sam Hamill, dette
som ein sjanse til å protestere mot USAs krigføringsplanar i Irak. Han
sendte rundt ein epost til vener og kollegaer der han foreslo å
reoppstarte organisasjonen "Poets Against the War", og at dei skulle nytte
anledninga til å overrekke ein antologi med antikrigsdikt. Ryktet nådde
Bush, og ho fann det best å utstettje arrangementet på ubestemd tid.
Responsen på Hamills epost var enorm. I løpet av ei veke har
organisasjonen fått inn 3600 bidrag frå poetar i heile verda. Same dag som
overrekkinga, skal A Day of Poetry Against the War arrangerast * med
opplesningar over heile landet.
A Day of Poetry Against the War comes to Norway
Inspirert av dei ovanfornemde hendingane vart "Poetar for fred" oppstarta
i Norge av engasjerte poeten-medlemmer. Ordet vart spreidd, epost vart
sendt og telefonsamtalar gjort, og berre tre dagar etter at nyhetene om
dei amerikanske poetanes prosjekt nådde Norge er vi stolte av å kunne
kunngjere at det vil foregå diktopplesningar i heile fire norske byar.
KOR? NÅR? KAN EG VERE MED?
Opplesningar vil finne stad onsdag 12.februar følgjande plassar:
Oslo * Humla klokka 1900
Trondheim * Posepilten, klokka 20.00
Bergen * Det akademiske kvarter (speilsalen) klokka 21.00
Stavanger * Cementen klokka 17.00
Tromsø * Cafe Eka klokka 12.00
Bodø (opplesninga vil føregå torsdag 13. februar) *Min plass klokka 20.00
Opplesningane er opne for alle. Alle poetar og lyrikkinteresserte (og alle
som er redde for krigen) vert med dette oppfordra til å ta med det dei har
av antikrigslyrikk og møte opp!
Vel møtt!
mvh
-Marius Hjelle, Poetar for fred/Fredsinitiativet
For nærare opplysningar, ta kontakt på
pff at poesi.no / f12 at poesi.no
tlf 95830009
Sjå www.poesi.no/cafe/ for oppdateringar
-------------- next part --------------
--------------------------------------------
E-posten er blitt sjekket av Trend VirusWall
This E-mail is scanned by Trend VirusWall
More information about the Trondheim
mailing list