[Tr.h.] Revolusjonskonferanse 05 - 15.-17. april

kenneth f. kommunistkenneth at hotmail.com
Thu Apr 7 18:07:28 CEST 2005


Hei! Sikkert ikke alle som er interessert, men jeg tar sjangsen. Velkommen 
til Revolusjon 05 :)

mvh kenneth fuglemsmo

Fredag 15. april
Klokka 18: Opning
Klokka 19-21:
"Bort herfra, det er mitt mål"
Frå kapitalisme til kommunisme - er vegen og målet mogleg?
Innlegg ved Elling Borgersrud fra Gatas Parlament, Liv Gulbrandsen, 
andreplass på RV-lista i Oslo, Josephine Munch Rasmussen og Olaf Svorstøl.

Laurdag 16. april
Klokka 10-1230:
Marxisme: Forstå for å forandra!
Parallelle seminar
«Filosofar har berre tolka verda ulikt. Det det gjeld, er å forandre henne.» 
Karl Marx
Kapitalistisk økonomi. Korleis blir verdiane skapte? Kva er utbytting? Ved 
Ole Marcus Mærøe.

Kjønn og klasse. Kva er ei klasse? Når har kvinner og menn i arbeidarklassa 
felles interesser? Når har dei ikkje det? Ved Jorun Gulbrandsen og Turid 
Kjernlie.

Staten. Kva er oppgåvene til staten under kapitalismen? Under sosialismen? 
Har nasjonalstatane spela ut rolla si? Ved Kenneth Fuglemsmo.

Kor kjem tankane frå? Korleis veit me kva som er sant og usant? Kva er 
materialisme og idealisme i filosofisk tyding? Ved Ingrid Baltzersen og Mari 
Fjeldstad.

"Utan fattig, ingen rik. Utan låg, ingen høg." Kva er dialektikk? Korleis 
kan han brukast til å forstå og forandra? Ved Pål Steigan.

Klokka 1330-18:
Da klokka klang" - sprang nokon veldig fort oppover i systemet
13.30-15.00 Innleiing av Terje Valen: Kva skjer med utdanninga i Noreg? Kven 
styrer? Kva vil dei? Kvifor vil dei ha nasjonale prøvar? Kvifor har dei 
oppløyst klassene på skulen?

15.30 Parallelle seminar: Grunnskulen (ved Maren Rismyhr og Jorunn 
Folkvord). Vidaregåande skule. Universitet og høgskule (ved 
Universitetslaget til AKP). Nasjonale prøvar.
Alternativ: ALLU og pensjonsreforma etter landsmøta i SV og DNA. Ved Tone 
Beate Windingstad.

Klokka 19:
Antiimperialisme i dag
Nepal. Aktuell rapport frå Krishna Aryal (student frå Nepal) om situasjonen 
i Nepal og om maoistpartiet si rolle. Video-innslag.
Venezuela. Kva slags revolusjon har det vore i Venezuela? Kva skjer i landet 
nå? Olaf Svorstøl fortel og viser dokumentaren "Chavez - inside the coup".


Sundag 17. april
Klokka 11-14:
2005: Er ein ny kurs mogleg? Strategi for sosialisme
Innleiing av Terje Skog. Debatt med Marte Mjøs Persen (RV), Ingrid 
Baltzersen (AKP), Bjørnar Moxnes (RU). Fleire innleiarar kjem seinare.

Kor, kor mykje og korleis?
Stad: Hellerud vidaregåande skule i Oslo. Ta t-banen mot Ellingsrudåsen, gå 
av på Tveita stasjon.
Pris: Skuleelev eller utan inntekt 200 kr. Andre 300 kr. Heile laurdag 100 
kr. Eitt seminar 50 kr. Forhandskjøpt billett for heile konferansen: 10% 
avslag.
Mat: Kan kjøpast rimeleg på staden.
Overnatting: Se frå på førehand om du treng.
Reisefordeling: Ungdom kan søkja om reisestønad.Folk med pengar kan sponsa 
ungdom. Send pengar til konto 7874.05.56486. Merk "Reisefond ungdom".
Meld deg på: akp at akp.no - telefon 22 98 90 60 - AKP, Osterhausgata 27, 0183 
Oslo.
Betal til konto 7874.05.56486. Merk "Konferansebillett".

_________________________________________________________________
Chatta med vänner på nätet, pröva MSN Messenger http://messenger.msn.se




More information about the Trondheim mailing list